Oppdatering av klientprogramvare

Målgruppe

Denne informasjonen gjeld berre dei som oppdaterer databasane ved hjelp av Windows-programvare som er utvikla ved DOK. Den gjeld ikkje Web-brukarar.

Oppdatering av klient

Mange brukarar vil kunne starte opp applikasjonane sine utan at dei får problem. Det er heilt ufarleg å prøve om dette går bra. Dei som ikkje får feil, kan inntil vidare berre halde fram som vanleg

Nokre brukarar vil oppleve td. feilmeldinga

Desse må oppgradere klientprogramvaren.

Klientprogramvaren er et sett med program som sørger for kopling mellom programma som brukaren kjører, og databaseserveren.

Den nye klientprogramvaren kan de laste ned frå http://www.dokpro.uio.no/nedlasting/oracle/index.html

Før de startar innstallasjon av den nye klienten, er det viktig at de avsluttar alle program som har koplingar til databasane.

Last ned programmet OracleClient920.exe, og kjør dette. Programmet vil automatisk fjerne den gamle versjonen, og legge inn den nye.

Problemløysing

Avinnstalleringa feiler

Det hender at programmet ikkje klarer å fjerne den gamle versjonen. Dette skuldast normalt at nokre av filene i Oracle-katalogen, som normalt ligg på C-disken, har skrivesperre. Anten er filene i bruk av eit program, eller så var den forrige innstallasjonen gjort av ein annan bruker enn den som no er logga på maskina.

Løysinga på dette er å slette heile Oracle-katalogen. Dersom du ikkje har tilgang til dette, kontakt den som er systemansvarleg for maskina.

Du er ikkje administrator

Innstalleringa av klienten krev at du kan skrive informasjon i delar av registeret som berre adminstrator av maskina har tilgang til.

Ta kontakt med administrator av maskina for å få hjelp til innstallasjonen.

Innstallasjonsprogrammet finn ein annan versjon av klienten

Dette kan skuldast at det er innstallert ein Oracle-klient ved hjelp av Oracle sine eigne innstallasjonssystem. Om så er tilfelle må du kontakte administrator av maskina for å sette opp rette parametre. Administrator bør også ta kontakt med DOK for å få vite korleis ein slik innstallasjon må vere for at du skal få kontakt med DOK-basane.

Denne feilen kan også skuldast eit misslykka forsøk på å avinnstallere. Følg i så fall instruksen i punktet over.

Andre feil

Dersom det skulle dukke opp andre problem, send melding til feilmelding@muspro.uio.no