Nedlasting av programvare

Her finn du peikarar til programvare som er utvikla ved EDD, eller som trengs for å få tilgang til databasane ved EDD

Oracle Client

(last ned siste versjon)

Oracle Client er programvare utvikla av Oracle som mellomledd mellom brukarapplikasjonar og ein Oracle-database.

EDD har sett saman ein minimumsversjon av denne programvaren som normalt er nok for at brukarane får tilgang til det dei treng.

Denne programvaren må vere installert dersom ein skal få tilgang til å redigere i databasen

Installasjonen krev administrator-rettar på maskina, så ein må anten vere pålogga som administrator av maskina, eller høgreklikke på fila, velge "Run as", og kjøre som ein administrator.

Den eksisterande versjonen er Oracle Client 10.2.0

Fila er omtrent 26 MB, og ferdig innstallasjon krev omtrent 67 MB.

Oracle Client 10.2.0 kan berre installerast på Windows 2000 eller nyare. Installasjonen inneheld også testprogramvare for å sjekke om klienten er rett installert.

Vil ein lage ein stille installasjon, kan ein td. kalle installasjonssettet med følgande parametre:

OracleClient10.2.0.exe /log=./log.txt /verysilent /tasks="musprod,usdprod" /SUPPRESSMSGBOXES

Installasjonssettet er laga ved hjelp av InnoSetup, og frå hjelpefila til dette programmet har vi kopiert informasjon om andre installasjonsparametre.

Det hender at ein avinstallasjon av Oracle Client ikkje alltid får fjerna alt. Vi har i så tilfelle laga ein instruks om korleis ein manuelt kan fjerne restane av ein klient.

Siste versjon: OracleClient10.2.0.exe.

Tidlegare versjon: OracleClient920.exe

Språkdatabase-applikasjonen

Språkdatabase-applikasjonen er ein applikasjon som kan gje brukaren tilgang til alle språkdatabasane frå EDD. Kva ein faktisk får tilgang til er avhengig av dei rettane ein som registrert brukar har fått.

Applikasjonen krev at Oracle Client er installert frå før.

Denne applikasjonen kan oppgradere seg sjølv når det er naudsynt, og på grunn av det vil vi oppmode om at applikasjonen vert installert av den brukaren som skal bruke den.

Last ned og kjør usdsprk-setup.exe.