Ny databaseserver i oktober 2003

Eining for digital dokumentasjon flytter alle databasane sine til ein eigen databaseserver i starten av oktober 2003.

Fram til no har alle databasane våre delt plass med andre databasar på Universitetet i Oslo, men frå 1. oktober 2003 vil den nye serveren berre ha ansvar for DOK-databasane.

Nedetid

I samband med flytting av databasane til ny server, vil vi stoppe alle databasetenester mellom 1. og 3. oktober. Dette gjer vi for å sikre alle data i dei over 60 ulike fagdatabasane.

Siste nytt: Databasane er i full drift pr. 3. oktober

Feil ved innlogging/ny klient

Ein del brukarar kan oppleve at dei må installere ny klient på si lokale maskin for å få tilgang til den nye serveren.

Informasjon

Dersom du vil ha informasjon om utviklinga på e-post, kan du registrere deg som brukar av våre databasar ved å sende epost til brukere-request@muspro.uio.no med overskrifta "subscribe" . Du kan også registrere deg via ei web-side.